Hebraiskundervisning

Når du høyrer navnet Hemda Meltvik tenkjer du med ein gong på

hebraisk. Ho har blitt ein levande legende. No har Hemda undervist

nordmenn i hebraisk sidan 1996. Både rundt om i Norge, i Israel, og

dei siste åra online.

Det viser seg at alle kan læra hebraisk, berre dei brukar den rette

metoden.

Interessa har blitt så stor at det kjem til å bli fleire nybegynnarkurs

online frå hausten 2025.

Det vert også tilbud om privattimar på 60 min.

For meir informasjon, kontakt Hemda.

Det blir hebraiskkurs med opphald i israel

Bøkene våre

Komplett materiale for hebraiskstudium, og historiske bøker og romanar.
Hebraisk på eiga hand Norsk-hebraisk ordbok Fordi vi var slaver, Haggadah shel Pesach På jakt etter ørkenkartene, Ora Morag Si det på hebraisk. Reiseparlør, Elisabet Meltvik

Håndlagde sølvsmykke frå Jerusalem.

Sølvkjede, enkelt 39cm

Sølvkjede, rund profil, 45 cm

Sølvkjede, rund profil, 50cm

Sølvkjede, kraftig, 55cm


Israelsk flagg, 80 x 110 cm

1 stk: 230,-     5 stk: 990,-       10 stk: 1700,-

Jødisk israelsk kunstmalar

Jerusalem forlag formidlar bileta til Nachshon i samarbeid med sønnene hans, som fører namnet hans vidare. Bileta hans pryder mange hus og kontor.

Me kan skaffa bilete i andre format på førespurnad, til og med ein heil vegg.

Rafael Baruch Nachschon, 1939 - 2021

Nachshon var ein berømt hassidisk malar som malte bibelske motiv med sterke fargar. Han valde dyremotiv frå bibelsk tid, Tempelet, hassidiske figurar, lys og bibelvers. Han var ein legende. Det var ikkje så mange som han. Han hadde store utstillingar i Jerusalem, USA og mange andre stader i verda. Han via livet sitt til Bibelen og maling.

Han var fødd i Haifa og begynte å mala alt som barn. Han likte å sjå på naturen, og frå vindauga såg han geitene som beita på Karmelfjellet.

Han studerte kunst hos Schlomo Nernai, som hadde vore den einaste studenten til den kjende impresjonisten Paul Cézanne.

Etter seksdagarskrigen slo han og kona hans seg saman med ei gruppe idealistar som ville byggja opp eit jødisk samfunn på nytt, i det då nyleg frigjorte Hebron. Dei fekk ti barn, og tre av sønnene hans vart omskorne ved Makhpela-hola, (grava til Abraham og familien hans), der han hadde sett opp eit kunstgalleri. Det var over 700 år sidan sist ein jødisk gut hadde vorte omskoren der.

Nachshon levde resten av livet sitt i Hebron, der han er gravlagd.

RING NO! 95938428
Jerusalem Forlag

Sidan starten i 1998 har Jerusalem Forlag spesialisert seg på alt som handlar om Israel, om språket, om landet, turisme, bøker, og israelske varer. Forlaget er unikt. Me har norsk og israelsk bakgrunn, og jødisk og kristen bakgrunn. Det gjer at me kan gi deg kunnskap og informasjon om Israel og hebraisk på beste måte.

Israelsturane er og unike, med ein frisk vri som gir deg høve til å sjå Israel slik jødar og israelarar ser det. 

Det er stadig ny utvikling. Ny kunnskap, nye måtar å sjå Israel på.