Beit Shalom Zion Herzliya, Israel
Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya
Herzliya er oppkalla etter Theodor Herzl og ligg midt mellom Tel Aviv og Netanya. Det er ein fin og ryddig by med dei finaste strendene i Israel.
Frå dei mange kaféane på stranda er det berre minuttar å gå til næraste handlesenter i marinaen.
Du kan bu i ein flott villa med hage og privat basseng, Her er det plass for alle til å sitja i hagen eller inne eller vera i bassenget. Stor grillplass. 10 minuttars gange til stranda. Ta med heile familien, gjerne fleire generasjonar. Om hausten og om våren er temperaturane i Israel som om sommaren i Norge.
Du kan kombinera ferie med hebraiskundervisning dersom du vil. Det blir kurs for både nybegynnarar og vidaregåande.
Det vil bli organisert turar dersom det er interesse for dette.
Du kan bestemma ditt eige tempo. Bad i Middelhavet, på den beste stranda i Israel. Lad batteria. Herzliya er lett tilgjengeleg med tog frå flyplassen, på 40 min. På same måte kan du ta ein tur til Jerusalem på under 2 timar. Reiser du med sherut, (rutegåande taxi) tek det rundt ein time. Til Tel Aviv tek det 20 min og til Netanya 15 min. Til Haifa tek det berre rett over ein time.
Jernbanestasjonen er lett tilgjengeleg med drosje eller buss. Du kan ta så mange turar du vil til Jerusalem. Besøk venner i Netanya eller Haifa.